OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein flott Kvam Lsk gjeng – Frå venstre Gaute, Thea, Trym, Eirin, Vilde, Ingvild, Anders, Hanna, Asgaut, Tor og Mari

11 løparar frå Kvam Lsk deltok under Bendit Liatoppen Skiskytterfestival på Ål i helga. Dette er truleg verdas største skiskyttarfestival med over 1100 deltakarar. Veret var som vanleg bra, løypene flotte og standplass imponerande velorganisert. Støtteapparatet stilte opp med velsmurde ski, velsmurt mat, veltrimma gevær og velmeinte råd, og heiagjengen gol «heia-heia-heia» etter kvart som løparane våre fôr forbi.

Løparane våre beit godt frå seg på standplass og i løypene. Fredag var det stafettar der jentelaget til Kvam Lsk med Eirin Tufteland, Ingvild Lilletveit Kvåle og Hanna Børve gjekk seg inn til ein sterk 4. plass i jenter 13-16 år. Flotte prestasjonar frå dei andre laga frå Kvam Lsk ôg. Laurdag var det sprint der Ingvild Lilletveit Kvåle vart nr. 12 i jenter 13 år og Eirin Tufteland vart nr. 19 i jenter 16 år etter feilfri skyting. Sundag var det fellesstart der både Hanna Børve og Ingvild Lilletveit Kvåle gjekk inn 9. plassar. Anders Aalvik Standen hadde sin beste dag på sundag med ein flott 15. plass i gutar 14 år. Trym Gauteplass Skår hadde også sin beste dag sundag med nesten feilfri skyting og 21. plass i gutar 11 år. Asgaut Laupsa Mo starta i nybyrjar 10 år og skaut feilfritt båe dagar – 20 blinkar rett ned! Flotte løp gjorde alle dei andre løparane frå Kvam Lsk også. Me var stolte foreldre som fekk med oss dette flotte arrangementet. Takk for fylgje og velkomen att til neste år. Då håper me at endå fleire vert med – det er moro på Ål for store og små!

Komplette resultat finn du under og her

Sjå bilete på Facebook sidene våre her

Bendit Liatoppen Skiskytterfestival

Resultat fredag:

40  Kvam LSK lag 1                                44:30
     Anders Aalvik Stranden     12:49  19    12:49    19    (0-0)
     Tor Børve Rasmussen       14:11  31    27:00    26    (1-2)
     Gaute Øymo Mælen          17:30  54    44:30    40    (0-0)
4  Kvam LSK lag 1                                  41:09
   Eirin Tufteland                    15:05   21    15:05    21        (0-0)
   Ingvild Lilletveit Kvåle         12:58   5      28:03    10        (0-0)
   Hanna Børve                      13:06   5      41:09    5          (0-0)
23  Kvam LSK lag 1                               33:55
     Trym Gauteplass Skår      09:58  15    09:58  15    (0)
     Mari Børve Rasmussen    09:08  12    19:06  12    (0)
     Thea Øymo Mælen          14:49  25    33:55  23    (2)

Mo, Asgaut Laupsa           Nybyrjar 10 år og yngre       11:44 (0-0)

Resultat laurdag

Mo, Asgaut Laupsa           Nybyrjar 10 år og yngre           10:17 (0-0)

29 Skår, Trym Gauteplass
G11 år
14:34 + 02:38 (0-1)
53 Mælen, Thea Øymo
J11 år
19:11 + 06:02 (1-2)
39 Rasmussen, Mari Børve
J12 år
15:51 + 03:31 (3-1)
12 Kvåle, Ingvild Lilletveit
J13 år
15:58 + 02:08 (1-3)
47 Aalvik, Vilde Lunde
J13 år
18:29 + 04:39 (2-2)
97 Mælen, Gaute Øymo
G13 år
18:41 + 05:15 (4-4)
24 Stranden, Anders Aalvik
G14 år
14:21 + 01:24 (1-3)
71 Rasmussen, Tor Børve
G15 år
18:35 + 04:22 (5-2)
25 Børve, Hanna
J15 år
17:58 + 02:38 (2-4)
19 Tufteland, Eirin
J16 år
17:26 + 01:56 (0-0)

Resultat sundag

21
Skår, Trym Gauteplass
G12 år
13:54 + 02:21 (0-1)
52
Mælen, Thea Øymo
J11 år
19:40 + 06:27 (5-2)
37
Rasmussen, Mari Børve
G13 år
15:04 + 02:33 (2-1)
9
Kvåle, Ingvild Lilletveit
J13 år
16:36 + 01:02 (1-2)
59
Aalvik, Vilde Lunde
G13 år
22:42 + 07:08 (3-5)
59
Mælen, Gaute Øymo
J13 år
17:03 + 03:09 (2-1)
15
Stranden, Anders Aalvik
G14 år
14:22 + 01:17 (2-1)
58
Rasmussen, Tor Børve
G15 år
17:29 + 03:13 (2-1)
9
Børve, Hanna
J15 år
17:08 + 01:15 (1-1)
34
Tufteland, Eirin
J16 år
20:12 + 04:51 (3-1)