Skiskytterane i Kvam lsk var i dag i Voss ski og tursenter i nydeleg vær på gla’laks renn.

Hans Rykkje G 11 fekk ein kjempe flott 3. plass.
Hedda Høen Mo J 14 klinka til med nok ein diamant for å få ned alle blinkane. Fabelaktig skyting vart belønna med ein 3. plass i rennet.
Anders Aalvik Stranden slo til med 2. plass M 18. Han hadde fullt hus på ståande skyting, respekt! Litt høg puls gjorde at han bomma litt på liggande.

Synneva Laupsa Mo nybegynner jente 10 år og yngre, bursdagsguten; Anved Tombre Soldal nybegynner gutar 10 år og yngre, Eskil Høen Mo G 12, Torje Laupsa Mo G 12 og Asgaut Laupsa Mo G 14 hadde og flotte prestasjonar i dagens sprint renn.

Resultat sjå https://live.eqtiming.com/52875#result:197949-669439-1121802-1-1-

Hedda Høen Mo skaut fullt hus

Anders Aalvik Stranden i fullt driv

Synneva Laupsa Mo på veg inn til fyrste skyting. Ho traff alle blinkane.

Anved Tombre Soldal gjekk renn på 10-årsdagen sin

Hans Rykkje på veg mot mål

Eskil Høen Mo på veg inn til skyting

Torje Laupsa Mo fekk prøva strafferunden

Venskapeleg snøballkrig mellom Kvam LSK og klubben Eldar

Asgaut Laupsa Mo bretta opp armane og gjekk på sjølv etter nokre rundar i strafferunden

Hedda Høen Mo skaut feilfritt. Me bøyer oss i støvet og tek av oss hatten!