Me har gleda av å invitere til snøsamling på Geilo 21.-24. november. Me har leigd 6 store leilegheiter på Øen Camping med plass til 7-8 personer pr leilegheit. Røynsle frå tidlegare samlingar, er at dei høve for 2 familiar pr leilegheit.
Både laurdag og sundag er det DnB Cup 1 i skiskyting på Geilo der dei som har lyst kan delta. Me arbeider med det sosiale og det sportslege programmet for «snøsamlinga», og sender dette ut kring neste helg.
Påmelding til ingunnmo@hotmail.com eller mobil 997 38755 innan 15. november med namn og om du reiser opp torsdag eller fredag.
Sponsa pris pr. deltakar er kr 350.- pr døgn som inkluderer overnatting, frukost, nistepakke og middag. Leige av sengetøy er kr 65,- pr person og kr. 30,- pr person for håndkle for dei som ynskjer det.