34 store og små var samla i helga på snø på Geilo. Ei flott samling med mange høgdepunkt i programmet anten ein talar om resultat, trening eller sosialt samvær. Bilete viser ein flott gjeng på skistadion klar for trening, leik og moro.
Bjørg-Marit Valland leia skytetreningane med bistand frå Kristin Sande om fredagen, medan Amund Leiren, Thomas Mælen og Gunn Hilde Øymo leia skitreningane. Her var det mykje leik og moro kring balanse og teknikk både i sporet og på skytebana. Laurdag arrangerte me eit uformelt renn i lag med Nordhordland Skiklubb – fellesstart delt inn i tre aldersgrupper. Dei yngste gjekk 1,5 km, dei mellomste 3,6 km og dei eldste 7,2 km. Kjekt med startnummer på seg igjen var det mange som sa. Løparane våre gjorde det verkeleg skarpt og var stort sett hakket vassare enn løparane frå Nordhordland.
Me budde i leiligheter på Øen Turist og Vandrerhjem. Om laurdagskvelden var me samla i storstova der det var premieutdeling frå rennet. Isak Børve varta opp med Kahoot-gissetevling og Kristin Gjøsæter fylgde opp med ei «analog» gissetevling. Verdige vinnarar vart feira og premiert. Pakkaleik vart det og.
Neste år er det mogeleg for fleire å bli med på dette!