Framifrå resultat av løparane frå Kvam Langrenn og Skiskyttarklubb på Geilo i helga. To nøgde og smilande jenter, Malin Auganæs Bergtun og Kristin Sande, jublar over kvar si 1. plass sundag i klasse kvinner 18 år og jenter 17 år. Malin vann ôg si klasse om laurdagen! Hanna Børve slo til med 3. plass laurdag i jenter 14 år etter to fulle hus, medan Sindre Gjøsæter gjekk eit kanonløp til 7. plass om sundagen i den store og sterke gutar 16 års klassen. Erling Aalvik vart nummer 49 laurdag, men gjorde eit godt løp på fellsstarten sundag til ein 9. plass etter å ha leia ut frå 1. skyting. Vinnar vart Vetle Sjåstad Christiansen. Birgit Lilletvedt Kvåle gjekk inn til ein flott 4. plass i kvinner 19 år sundag. Eirin Tufteland, Ingvild Lilletvedt Kvåle og Trym Gauteplass Skår fekk og gode plasseringar.
I helga har opningsrennet i Sør-Noreg i skiskyting gått av stabelen på Geilo med stor deltaking og med heile 9 løparar frå Kvam LSK. Tabellen under synar resultata frå våre løparar. Det er kjekt å konstatere at me har mange med og at utøvarane våre hevdar seg høgt oppe blant dei beste. Deltaking i både senior klasse og yngste klasse vitnar om både bredde og dybde i klubben vår. Det gjev inspirasjon for både dei og for alle andre i klubben!