Folgefonna langrennSommaren er her, men me kan sjølvsagt ikkje gløyma ski heilt. Det vert rapport om glimrande tilhøve på Folgefonna, og me inviterar til samling der måndag, 9. juni.

Opplegg som fylgjer:
  • Kl 10-12: Langrennstrening
  • Kl 12-13: Felles lunsj
  • Kl 13-16: Felles leik i anlegget med langrennski eller fjellski
Kvar utøver må sjølv løysa billett. Ordinære priser er kr 250 for langrenn og kr 300 for 3 timerskort i bakken. Me er i dialog med senteret og vonar å få desse prisane noko ned. Dette kjem me attende med.
Påmelding sendes til Thomas Mælen: tmaelen@gmail.com innan torsdag, 29. mai. Me treng minst 15 påmelde for å gjennomføre samlinga.