Sindre Gjøsæter såg ut til å vere inspirert av Martin Johnsrud-Sundby då han gjekk inn til suveren siger i M17 under Vargarrennet i dag. På 10 km skøyting var han heile 51 sekunder føre Tore Akerlie frå Voss IL. Sindre hadde vorte nr. 3 i senior om han hadde stilt der. Imponerande! 8 andre Kvam Lsk-løparar deltok også i rennet.
I G11 vart det ein heidundrande flott 2. plass til Sondre Brattabø der Teodor Græsdal Pedersen gjekk inn til ein flott 7. plass. Anders Aalvik Stranden og Tobias Græsdal Pedersen tok 11. og 13. plass i G14. I J13 var Ingrid Brattabø særs solid med ein sterk 2. plass. Hanna Børve gjekk seg inn til ein 4. plass i J15 medan Eirin Tufteland skøyta seg inn til ein god 5. plass i J16. Eirik Brattabø er flittig i å delta på renn og han var med også denne gongen i G8. Me gratulerer alle med flott innsats!
Resultata finn du her