2014_12_28 Sport1 Cup_ portrett SindreSindre Gjøsæter (15) var berre 5 fattige sekund frå 1. plass i Vestlandsmeisterskapen i skiskyting som gjekk av stabelen i Volda i helga. Sindre hadde ein bom på fyrste og skaut feilfritt på siste skyting. Ut frå siste skyting leia han med 2 sekund. Inn mot mål vart Aksel Meland frå Markane IL for sterk og Sindre måtte ta til takke med ein flott 2. plass. Laurdag var det sprint og då tok Sindre ein solid 3. plass. Med tanken på skadefråværet Sindre hadde i sommar og tidleg haust så er det rett og slett imponerande prestasjon guten har gjort. Tolmod, uthald og hardt arbeid har tydelegvis gjort susen. Me seier berre – hurra og gratulerer Sindre!

20150124_Sindre

Bilete frå premieseremonien laurdag med Sindre på 3. plass