Erling Aalvik frå Kvam Lsk vann Norgescupen i skiskyting i Folldal sundag over sprint-distanse. Kvam Lsk- løparane Birgit Lilletvedt Kvåle, Malin Auganæs Bergtun og Kristin Sande deltok også.
Erling var 7,7 sekundar føre Håvard Gutubø Bogetveit fra Førde som vann rennet laurdag i normalprogram. Begge hadde 1 bom på siste skyting. Laurdag vart Erling nr. 16 med 5 tilleggsminutt. Birgit, Malin og Kristin plasserte seg som fylgjer:
Laurdag – Normal
- Kvinner 19 år – 18. Birgit Lilletvedt Kvåle + 04.38,6 5(2-3-0-0)
- Kvinner 18 år – 24. Malin Auganæs Bergtun + 5.24.3 6(2-2-0-2)
- Kvinner 17 år – 11. Kristin Sande + 04.12.7 6(1-2-1-2)
Sundag – Sprint
- Kvinner 19 år – 23 Birgit Lilletvedt Kvåle + 03.32.0 4(1-3)
- Kvinner 18 år – 10. Malin Auganæs Bergtun + 1.37.1 2(0-2)
- Kvinner 17 år – 18. Kristin Sande + 02.24.0 6(3-3)
Komplett resultatliste finn du her:
http://www.langrenn.com/Aringdlandsvik-og-aalvik-vant-nc-sprinten.5637185.html