Hanna Børve nøgd etter siger i klassen J16 under rennet for dei aldersbestemte klassane

Laurdag 26.november hadde ein gjeng frå Kvam LSK teke turen til Geilo der det vart arrangert noregscup for seniorar, samt renn for aldersbestemt klassar med deltakarar frå både aust- og vestland. Det var sprint program i begge konkurransane og Kvam LSK slo godt ifrå seg!

Erling Aalvik kom i mål til ein flott 2.plass og Malin Auganæs Bergtun enda på 9.plass i seniorrennet!

Resultat – http://live.eqtiming.no/31823?focusuid=32593#result:100386-311058-919177-1-1-

I rennet for aldersbestemte klassar hadde Kvam LSK 6 deltakarar! Hanna Børve klinket til med siger i klassen for J16 der ho hadde 26 konkurrenter bak seg på lista. Sterk prestasjon. Gode prestasjonar var det også av Sindre Gjøsæther(M18) og Kristin Sande (K19) som begge tok ein flott 3.plasd. Eirin Tufteland skaut seg dessverre litt bort idag og enda på 18.plass i klassen K17. Trym Gauteplass Skår enda på 9.plass i klassen G12! 

Resultatliste – http://live.eqtiming.no/31824?focusuid=32593#result:100387-311074-919186-1-1-

Gratulerer til alle med flott innsats i det som for dei fleste var sesongdebut!

Malin Auganæs Bergtun på ein fin 9.plass i DnB Noregscup

Erling Aalvik på 2.plass i DnB Noregscup i skiskyting