Hanna Børve vann norgescup kvinne 19 år.
Då er sesongen avslutta og resultata bekrefta. Hanna Børve vann Norgescupen kvinne 19 og Malin Auganæs Bergtun kom på ein veldig flott 9. plass i kvinne senior!
På telefon kan Børve fortelja at ho feirar sigeren åleine på hybelen på Geilo. Ho har vore stabil i toppen gjennom heile sesongen, trass at VM rauk etter sjukdom. VM var det store målet. Børve hadde ikkje forventa at ho vann norgescupen samanlagt. Då ho gjekk det som viste seg å verta siste rennet denne sesongen, fekk ho den berømte «gultrøya». No ser Børve fram til å konkurrere i kvinne 20-22 til neste år. Det vert kjekt med meir konkurranse.
Klubben gratulerer!
Resultater kan du sjå her