Familien Brattabø og familien Mo tok turen til årets første krinsrenn i langrenn som laurdag 7. januar vart arrangert på Korlevoll skistadion. Kvam LSK fekk to på pallen då Ingrid Brattabø vart nr. 3 i klassen for jenter 14 år, mens Sondre endte på 2.plass berre 0,4 sek bak vinnaren i klassen for gutar 12 år! Marta Mo kom på 6.plass i klassen for jenter 13 år. Minstebror Eirik Brattabø fikk også gjenomført eit godt renn i klassen for gutar 9 år. Flott innsats av alle tre!