Helga 25-26. November arrangerte Geilo IL noregscup i skiskyting for junior/senior og Sparebank 1 cup for aldersbestemte klassar.
Kvam LSK stilte denne helga med 7 utøvarar som deltok på sprint og fellestart.Erling Aalvik enda på 4. plass på sprinten i seniorklassen laurdag berre 5,9 sek. bak vinnar Martin Femsteinevik frå Hålandsdal IL. Sundag slo Erling til med siger i fellestarten. Gratulerer!
Malin Auganæs Bergtun og Kristin Sande deltok i seniorklassen for kvinner. Under sprinten laurdag enda Malin på ein fin 16. plass, mens Kristin enda på 41. plass. Under sundagens fellestart gjekk Malin inn til 17.plass og Kristin 27. plass.
Under sprinten laurdag vert det litt stang ut for Sindre Gjøsæter i juniorklassen menn 19 år, men under fellesstarten sundag vant han Sindre 7 sek. foran andremann. Gratulerer!
I juniorklassen for kvinner 18 år deltok Eirin Tufteland som under laurdagens sprint enda på ein flott 11.plass. På fellesstarten sundag vart det mye bom på standplass og Eirin enda til slutt på 15. plass.
I aldersbestemte klassar deltok Anders Aalvik stranden (G16 år) og Trym Gauteplass Skår. Under laurdagens sprint gjekk Anders inn til 24. plass og Trym på 17. plass. På sundagens fellestart enda Anders på 16. plass mens Trym enda på 19. plass etter tunge runder innom standplass.
Flott innsats av alle frå klubben!