Endeleg kom snøen på Sjusete, og årets fyrste serierenn i skiskyting kunne gjennomførast til stor glede for store og små.
16 deltakarar i alderen 8 til 18 år stilte til start i dagens sprint-renn mens snøen lava ned. Ettersom det likevel var lite snø vart rennet gjennomført i asfaltløypa, som er 1 km lang.
Rennet vart gjennomført med god dugnadsinnsats frå dei vaksne.
Resultatlistene for rennet finn du her Resultat 2020.02.03

Her er nokre av deltakarane klare til start. I front er eldste deltakar, Eirin Tufteland. Bak er Synneva Laupsa Mo (8).

Medan ein venta på å få starta var det om å gjera å halda varmen med aktivitet, mens snøen lava ned.

På skytebanen stod vaksne dugnadsarbeidarar og tok i mot skyttarane i snøværet. Til venstre er dagens skytebanesjef, Leif Mo.

Ronja Måkestad var ein av deltakarane og ligg her på standplass klar til å skyte.