Serierenn på Sjusete skal vere for både store og små. I renn ein og to var Thor-Arvid Hagen Pedersen einsleg deltakar i open klasse 2,0 km. Dette endra seg dramatisk på måndag då talet på deltakarar eksploderte med heile 300 %! Plutseleg vart open klasse open om kven som skulle vinna. På startstreken fekk Thor-Arvid selskap av Jan Tore Tveit, Torgrim Skår og Tom Rasmussen. Det vart eit durabeleg oppgjer som enda med at Jan Tore tok skalpen på samtlege og gjekk inn til ein sterk 1. plass. Gratulere! Til alle andre; Det er framleis mogeleg å bli med i den opne klassen og gjere ditt til at den vert endå opnare!