Det andre serierennet gjekk i klassisk på Sjusete i kveld. Sparebanken Vest stilte med telt / smørjebu, og Mo Sport stilte med kvalifiserte smørjarar. Arve Øyri og Geir Mo smurde ski på løpande band. Det ble tidleg satsa på Rode sitt Multigrade klister. «Bankers», sa Geir til Sjusete.com då han vart spurd om kva han smurde med. Like etter starta det å snø. Då kom det frå same karen; «Dette var ikkje meldt – kor kom dette frå?» Lukkelegvis fekk dei rett og born, ungdom og vaksne fekk ein god klassisk oppleving i løypene på Sjusete. Takk til Geir og Arve for sporty innsats og til Lars Endre Tholo for utlån av SPV-teltet.