Det fyrste serierennet i langrenn gjekk av stabelen i kveld på Sjusete. Føret var bra etter ein fin dett med nysnø. Her var det liv og røre i meir enn ein forstand. Påmeldinga var sjeldan bra og til slutt stoppa me på 105 deltakarar. 41 av desse var 10 eller yngre noko som er flott når ein tenkjer på kor lite snø ungane har hatt under skiene so langt i vinter.
Den raskaste mannen i 5 km var 17 åringen Sindre Gjøsæter med tida 15:10. Han var 19 sekund føre Ove Måge frå Strandebarm. Den raskaste kvinna var Johanna Mo med tida 18:01. Ho var 36 sekund føre 16 åringen Eirin Tufteland som har tatt store steg i sporet i år. Både open klasse og mosjon har auka på med omsyn til talet på deltakarar. Her er det mykje god kameratsleg kniving om sekund, og meir skal det bli. I dei yngre klassane var det mange gode prestasjonar, men fyrst og fremst var det kjekt å sjå den innsatsen som alle dei unge satt inn for å gjere sitt beste. Me seier – gratulere til alle med framifrå innsats!
Neste serierenn er måndag, 1. februar i fristil – velkomen igjen!