Måndag 21. januar startar serierenna i langrenn opp på Sjusete skisenter. Rennstart er kl.1815! Fyrste renn er i klassisk stil.
Datoar for dei 5 serierenna er:
- 21/1 – Distanserenn klassisk stil
- 11/2 – Distanserenn fristil
- 4/3 – Distanserenn fristil
- 18/3 – Distanserenn klassisk stil
- 1/4 – Distanserenn og Kvammameisterskap i fristil
Dei som er 10 år (2009) og yngre har fri stilart i alle renna! Aldersklassar er delt inn etter kva alder når i løpet av 2019. Løypelengder er 1 km (10 år og yngre), 2 km (11-12 år og vaksen open klasse), 3 km (13-14 år) og 5 km (15 år til og med senior).
Me ynskjer at flest mogleg melder seg på via minidrett på førehand der ein enkelt kan betala med kort, samt at det då vert mindre press på sekreteriatet sjølve renndagen. Ein kan melda seg på til alle 5 renna samtidig gjennom å søkja på Sjusete i påmeldingslista i Min idrett. Pris for alle serierenn er kr. 250,- mens eit enkeltrenn koster kr. 50,-. Påmeldingsfristen for kvart renn er laurdagen.
Har du mot formoding ikkje meldt deg på på førehand, så kan du etteranmelde deg, men alle som skal ha tidtaking må vera påmeldt innan kl.1715 i sekreteriatet renndagen.
Serierenna i langrenn har ei øving for alle born som vaksen. Me oppfordrar ekstra at dei vaksne vert med enten i open klasse (1,8 eller 5 km utan rangering) eller konkurranseklasse 5 km, og viser borna at dette berre er gøy
Vel møtt!