OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Seriekameratane jublar etter målgang. Frå venstre: Thomas Mælen, Thor Arvid Hagen Pedersen, Tom Rasmussen, Jan Tore Tveit og Torgrim Skår.

Me har tidlegare omtalt auken i deltaking i trimklassen. Det starta med ein deltakar og enda opp med heile 7 på det siste serierennet. «Neste år skal me vere fleire som blir med på denne uhøgtidlege tevlinga på ski», seier Thor Arvid Hagen Pedersen til Sjusete.com. «Eg utfordra fleire via Facebook, og folk var sporty og tok utfordringa», fortel han. Det enda med at «herre-avdelinga» fekk 5 deltakarar og «dameavdelinga» fekk 2.