Sundag 29. oktober held Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb sals- og bytedag for brukt skiutstyr og skiklede. Gjeld både langrenn og alpint!

Har du brukt utstyr som andre kan ha glede av, bør du ta turen for å selja eller byte bort dette. Ein må sjølvsagt koma om berre treng utstyr og ikkje har noko å selja eller byte bort. Kvar einskild står sjølv ansvarleg for sal/byte! Klubben stiller med lokale, bord, storleikstabellar og utstyr for prising.

Stad: Amfisalen Norheimsund skule

Tid: 17:00 – 19:00

Del gjerne vårt arrangement for dette på Facebook slik at fleist mogleg får sjansen til å omsetja og kjøpa noko brukt som gir skiglede til vinteren! Lenkje – https://www.facebook.com/events/128259417829072/?active_tab=discussion


Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter