Søndag 22. september 2019 arrangerte Kvam langrenn- og skiskyttarklubb kurs i bruk av rulleski for store og små. 12 gutar og jenter stilte opp, der yngstemann var 6 år. Nokre hadde rulleski sjølv, mens dei som ikkje hadde fekk låne av klubben. Instruktør var Tove Andersen frå Oslo skikrets / Norges skiforbund. Ho laga til eit godt opplegg med fine øvelsar som var tilpassa alle sitt nivå. Anlegget på Sjusete er flott til bruk av rulleski. Dersom nokon ynskjer å prøve rulleski er det berre å ta kontakt med klubben for utlån. Klubben har liggjande rulleski for både born og vaksne.
Instruktør Tove Andersen fekk eplemost frå Spildegarden, pannebånd og skistropper frå klubben som takk for innsatsen.