Dei tre beste i mellomlang løype var frå Kvam LSK 🙂 Frå venstre: Sondre Brattabø, Endre Berg Leiren og Ingrid Brattabø


Sundag 2.oktober vart årets Tørvikbygdløp arrangert i flott haustvér der fleire skiløparar frå Kvam LSK deltok.

Det vart kniving mellom heilt til mål to Kvam LSK’arar i klassen for gutar 13-15 år. Endre Berg Leiren(15 år) slo Sondre Brattabø (11 år!) med 1 sekund! Best i klassen for jenter 13-15 år vart syster Ingrid Brattabø (14 år) med tiden 17:01. 

Familien Brattabø var godt representert med både far Lars Olav (2.plass i menn senior), lillebror Eirik (8 år) og vetlesysto Kristin (5 år). Flott gjennomført løp av alle.

Resultatliste