Onsdag 20/5 blir det premieutdeling for alle dei som var med på skileik og/eller serierenn i år. Premiar blir delt ut kl. 17.30-18.00 utanfor skihytta på Sjusete.
Det blir rigga til slik at det går fint å halde tilrådde avstandar.
Alle som har vore med på skileik får premie, og alle som har gått minst eitt av dei to serierenna som blei denne vinteren, får også premie.
For ungar fødd mellom 2008 og 2013 blir det mogleg å gå direkte vidare til Idrettsskule, som endeleg startar opp. Det blir kl.18-19. De kan lese meir om Idrettsskulen, påmelding osv. i invitasjonen som du finn ved å trykke her.
For dei som berre vil prøve ein gong før ein bestemmer seg, blir det høve til det denne gongen.
Alle gruppene har aktivitetar med Sjusete som utgangspunkt denne dagen. Det blir sykling (2013), leikaktivitet (2012), Mesternes Mester (2010-11) og tur (2008-09). Det blir 4 onsdagar før sommarferien, så held vi fram etter ferien og fram til jul med varierte og kjekke aktivitetar. Når de melder dykk på Idrettsskulen vil de bli lagt inn i grupper i Spond, og få oppdatert informasjon der.