Sindre Gjøsæter (Arkivbilete)

Våre to juniorar Ingmar Njaa og Sindre Gjøsæter, som går i 3.klasse på toppidrett på høvevis Voss Gymnas og Noregs Toppidrettsgymnas Geilo, deltok på kvar sitt renn i Hallingdal i helga.

Laurdag vart Gravsetrennet i klassisk stil i Hemsedal der Ingmar kom på 10. plass i klassen menn 19/20 år.

Resultatliste Gravsetrennet

Sundag deltok skiskytteren Sindre på Golrennet i fristil der han kom 4.plass i klassen for menn 19-20 år. Eit godt resultat mot for det meste langrennsspesialistar!

Resultatliste Golrennet

Ingmar Leigland Njaa (Arkivbilete)