
Sommerbrun gjeng frå Kvam LSK 🙂 Bak frå venstre: Thor-Arvid H. Pedersen (leiar), Tobias Græsdal Pedersen. Foran frå venstre: Ingrid Brattabø, Sondre Brattabø og Eirin Tufteland
Sundag 21.august arrangerte Osterøy IL for første gang krinsrenn på rulleski. Fire deltakarar frå Kvam LSK tok turen til Hasvik i finavèret!
Sondre og Ingrid Brattabø deltok på 3 km fellestart i klassane for gutar/jenter 13-14 år. Ingrid vann klassen jenter 14 år 14 sekunder foran 2.plassen. Sondre som eigentleg går i 12 årsklassen, enda på 3.plass i klassen gutar 13 år 27 sek. bak vinnaren.
Eirin Tufteland og Tobias Græsdal Pedersen deltok på 5 km fellestart i klassane for 15-18 år. Eirin Tufteland var einaste deltakar i kvinner 17 år og enda då på toppen av pallen. Tobias Græsdal Pedersen låg lenge på 2.plass, men eit besøk i asfalten for både Tobias og 1.plassen gjorde at dei vart liggjande etter og Tobias kom i mål på 3.plass 15 sek. bak vinnaren.
FLOTT innsats av alle fire!!
Sjå lenkja for video frå rennet laga av Teodor G. Pedersen – https://www.facebook.com/KvamLSK/videos/674729842680174/
Biléte frå rennet: