
Martin Femsteinevik er best i spurten etter 25 km med Torefjellsrenn. Arild Fosse og Bjarte Solvang må gje tapt i spurten.
Heile 172 deltakarar frå 5 til 70 deltok i årets Torefjellsrenn. Det er det største talet rennet har hatt på meir enn 5 år. Skya vêr, men likevel fantastiske forhold, flotte løyper og mykje vellæte frå deltakarane. Best av alle i menn senior vart skiskyttaren Martin Femsteinevik frå Hålandsdal IL som i ei heftig sluttsport kryssa mållina fyrst nett føre Arild Fosse frå Bjørgum IL og lagkameraten Bjarte Solvang like bak. Tida vart sterke 1:02:05 på 25 km som gjev ei kilometertid på 2:29!
Sindre Gjøsæter 17 år frå Kvam Lsk gjekk inn til ein strålande flott 4. plass berre 4:07 etter trioen føre. Best av kvinnene var Ragnhild Femsteinevik med tida 1:17:14. Familien Femsteinevik fekk dermed full uttelling i årets Torefjellsrenn. Imponerande innsats av stortingsrepresentant og gitaristen Terje Breivik frå Ulvik IL. 51 åringen knalla til med tida 1:07:44 og sjuande beste tid!
Nytt av året var at det var eige renn for ungdom 13-16 år og eit renn for born under 13 år. Ungdomene gjekk 11 km og best av alle vart vossingen Eskil Flisram Tveiten frå Viljar IL. Han sigra i spurten føre Tobias Græsdal Pedersen frå Kvam Lsk og med Daniel Dukstad frå Voss IL på tredje. 33:15 på 11 km er jo absolutt respektabelt av desse 14 åringane! Hanna Børve frå Kvam
Lsk vart beste jente med tida 36:41. Solid innsats frå Ingrid Brattabø også hun frå Kvam Lsk som gjekk til topps i J13-14 år med tida 38:23. Strålandes innsats av dei andre Kvam Lsk løparane: Endre Berg Leiren, Jone Valland Tveit og Sigmund Leigland Njaa. Håkon Øktner Flem måtte diverre bryta løpet.
Bornerennet over 1,8 km var mogelegvis det rennet av dei tre

Frå starten i Bornerennet – Marta Mo, Mari Børve Rasmussen, Malene Utskot og Teodor Græsdal Pedersen kjemper om teten.
som vekte mest åtgaum blant føresatte og tilskodarar på Sjusete. Her stilte heile 52 born til fellestart og alle gjekk ut samstundes! Endå meir gledeleg vart at 32 av borna var Kvam Lsk-løparar. Det er fantastisk flott at so mange born i klubben vert med på dette rennet! Det gjekk hylande fort og det vart den eine spurtduellen etter den andre inn mot målstreken. Her vart det glød og innsats heilt til målstreken. Rett og slett eit
fantastisk kjekt renn!
Me takkar alle deltakarane for at dei kom og ikkje minst alle dei flotte funksjonærane som stilte opp, førebudde og gjennomførte eit særs godt Torefjellsrenn. Tusen takk og velkomen att til neste år!