Torsdag 25. august startar vi treningane for 2003 og eldre. Barmarkstreningane vert leia av Tom Erling Halvorsen og Amund Leiren. Barmarkstreninga er eit allsidig og sosialt treningstilbod til ungdom og eit godt supplement til annan idrett.
Det er laga eit veldig variert program for hausten som du finn nederst. Det kan nemnast myrløping, stisykling, rulleski, stiløping, bevegelighetstrening, styrketrening, testløp balansetrening osv. Planen inneheld ikkje basistreningane i sal som også er eit tilbod for denne aldersgruppa. Når vi har fått tildelt halltid vert da informert om dette.
Alle som er fødd i 2003 eller før får tilbod om å være med i denne treningsgruppa. Dei som er fødd i 2004 vil få vera med på nokre økter i november/desember, og dei vil også få vera med på fleire treningar mot slutten av skisesongen. Det er ikkje ein føresetnad at ein har vore med før, men ein bør då vera med no frå starten av.
Om du har spørsmål om treningane kan du ta kontakt med Tom E. Halvorsen:
Tom E. Halvorsen: skuten@kvamnet.no / 976 65641