I dag var fyrste trening på skytebanen. Mange nye og ivrige fjes var å sjå og blinkane fall ned ein etter ein. Me fekk nokre spørsmål kring treningstider og klara opp ein del mistydingar. Difor har me oppdatert tabellane for når dei ulike årskulla har trening. Treningstider for skytetrening finn du her: http://www.sjusete.com/wordpress/trening/skiskyting/

Me tek stilling til start av skileik og skitrening til helga. Følg med på heimesida vår.