Kvam fekk ein ny Vestlandsmeister i skiskyting i dag då Sindre Gjøsæter gjekk til topps på sprint i Herresåsen i dag. Det var eit jevnt og godt løp Sindre gjekk i M17 år, og han leia kvar meter av løpet. Sjølv med 3 strafferunder var han solide 1:40 føre andremann Sivert Myrold fra Stårheim IL i Nordfjord.
Det vart andreplassar i dag til Ingvild Lilletveit Kvåle i J13 år og til Hanna Børve i J15 år. Ingvild med 5 strafferunder og Hanna med 2. Eirin Tufteland gjekk eit flott løp i J16 år i dag. Ho skaut feilfritt på fyrste skyting og leia inn til andre. Der vart det diverre 5 bom og då dalte ho til ein 7. plass i mål. Likevel, Eirin fekk vist at ho kan tevle med dei beste. Vilde Lunde Aalvik gjekk eit godt løp i dag. Ho sprinta seg inn til ein 5. plass i J13 år etter berre 3 bom. Anders Aalvik Stranden staka seg inn til ein 7. plass i G14 år etter 5 strafferunder. Gaute Øymo Mælen gjekk med 7 bom seg inn til 9. plass i G13 år.
Mellom dei yngste var det forrykande flott innsats frå Trym Gauteplass Skår i G11 år og Asgaut Laupsa Mo i G10 nybegynnar. Trym som i går vart nr. 2, gjekk eit energisk løp inn til ein flott 3. plass etter 3 bom. Asgaut skaut feilfritt og hadde forhåpentlegvis ikkje naglabeit i dag. Me gratulerer alle med framifrå innsats.