Sjusete skisenter har idag fått hjelp av Kvam Kraftverk til å skifta alle lampane i asfaltløypa til LED, noko som skal gi skiløparar mykje betre lys!

Dessverre så har dei siste døgnas regnvér herja godt med løypane, men som de ser på webkamera så er det framleis snø (dog i stor grad i «slush» form). Det er berre til å nytta på å koma seg ut på ski så lenge det er råd!

Me får håpe at temperaturmeldinga dei neste døgna ikkje slår til og nedbøren kjem som snø.