Torefjellsrennet 2016 går av stabelen sundag, 6. mars på Sjusete. Eit turrenn i fristil med tradisjonar langt tilbake. Nytt i år er at me har utvida rennet til 25 km og ikkje minst – me arrangerer eigne renn for born (Borne-Torefjellsrennet) og for ungdom (Ungdoms-Torefjellsrennet)
Torefjellsrennet er eit turrenn i fristil – preparert for både klassisk og skøyting.
Rennet har start- og målgang på Sjusete skisenter og den 25 kilometer lange løypa slynger seg gjennom flotte skiløyper langs foten av Torefjell. Torefjellsrennet er delt inn i klasser i intervall på fem år med fellesstart for alle klasser (17-71+). Du kan også melde deg på i mosjonsklassen (17-71+ år) som går ein løype på 11 km. Du kan studere løypeprofilen på www.sjusete.com der du kan klikka deg inn på vår løypestatus på Skisporet.
Nyhende – nytt av året er at ungdommane 13-16 år har fått sitt eige Ungdomsrenn på 11 km med start føre hovudrennet. Her kan alle heie på ungdomane gjennom løypa. Bli med – la Ungdomsrennet bli ei strålande sesongavslutning for aktive ungdomar – velkomen!
Borna har ôg fått sitt eige 1,2 km renn med fellestart for alle klassar litt føre vaksenrennet. Barnerennet er for born opp til og med 12 år.
Torefjellsrennet har eit renn for heile familien! Born, ungdom, mosjon og konkurranse. Meld deg på og bruk Torefjellsrennet som ei motivasjon for både trening og aktivitet!
I 2016 er også Torefjellsrennet ein del av Norges Ultimate Atlet (NUA) – Bergensserien som er danna med bakgrunn i eksisterande konkurransar i Bergensområdet som er varierte og som krev at du er allsidig. Vinnaren av serien er den som er best samanlagt i desse konkurransane. Torefjellsrennet er fyrste konkurranse ut i den såkalla 5-serien. Les meir påhttp://
Me ynskjer alle velkomen til Torefjellsrennet!