Nye toalett er no plass på Sjusete etter årevis med bruk av utedo-løysing.
Jan Tore Tveit er leiar i Sjusete skisenter og seier at prosessen starta for 2 år sidan.
– Me søkte til kommunen og fekk godkjent søknad om etablering av renseanlegg, seier han.
Nils Aksnes & co AS utførte arbeidet med renseanlegget, og klargjorde for nye toalett i skistova og på skytebanen. Brekke og Lie VVS AS utførte arbeidet med montering av toaletta saman med Øystese elektriske AS.
– Alt i alt er det kome 2 toalett, handicaptoalett og pissoar i skistova, samt 2 toalett på skytebanen. Entreprenørane som har utført arbeidet har levert arbeidet til rett tid og til avtalt pris. Me er rett og slett kjempe fornøyde, seier Tveit.
Sverre Lindøy er leiar i Kvam LSK og seier dei nye toaletta fører til eit stort løft for Sjusete som skidestinasjon. Ein unngår også at folk kvir seg for å gjera sine nødvendige ærend på Sjusete.
– Dette blir rett og slett dritbra, avsluttar han.