Sundag 29.januar skipa Voss IL til KM i langrenn duathlon i Voss ski- og tursenter. Kvam LSK deltok med 6 utøvarar.
For 13 år og eldre var det KM fellesstart med skibytte og syskena Brattabø tok igjen medaljar. Sondre tok sølv 23 sekund bak helgas ener Marcus Enes-Seberg i klassen for gutar 13 år. I klassen for jenter 15 år var det som vanleg tett blant dei då deltakarane der Ingrid kom inn til sølvplass berre 5 sekund bak vinnaren. Gratulerer med medaljane!
Ellers frå klubben deltok Tobias Græsdal Pedersen (9. plass G16), Ådne Kjosås (5.plass i G11), Eirik Brattabø (G10) og Tomas Græsdal Pedersen (G8). Flott innsats av alle saman!