Hanna Børve beheld ledertrøya etter siger i K 19 i Norgescupen i skiskyting.
Bronse igår og siger idag på Hanna Børve. «Det er ekstra kjekt etter eg har hatt litt stang ut denne sesongen» seier Børve. Ho har jobba skikkeleg for å treffe med både skyteform og fysisk form til NM.
Malin Auganæs Bergtun gjorde eit fantastisk flott løp idag og havna på 4. plass i kvinner senior. Igår kom ho på 7. plass.
Sindre Gjøsæter hadde desverre litt kant ut på skytebanen idag og kom difor litt ned på listene.
Kvam langrenn og skiskytterklubb er enormt stolt over utøvarane våre og dei kjempeflotte resultata!

Malin Auganæs Bergtun

Sindre Gjøsæter

Hanna Børve

Familien Børve: Sissel (t.v.), Isak, Hanna, Katrina og Geir