13-15. januar har noregscup for juniorar i langrenn vore arrangert på Nes i Akershus. For Kvam LSK deltok Ingmar Leigland Njaa heile helga og Kristin Sande deltok på fredagens 5 km fristil.
Fredagens intervallstart var Ingmar si sesongdebut i noregscup der han enda på 150. plass av 192 deltakarar på 10 km fristil. Kristin som normalt konkurrerer i K19-klassen i skiskyting enda 37.plass av 102 deltakarar i den store K19-20 i langrenn 5 km fristil, noko som må karakteriserast som ein god prestasjon!
Laurdag var klassisk sprint på programmet, noko som ikkje er Ingmar si spesialitet, der han enda på 148.plass av 172 deltakarar.
Ingmar deltok sundag på 10 km klassisk intervallstart der han enda på 94.plass av 185 startande. Denne avslutninga på helga var han godt nøgd med og ga motivasjonen inn mot nye renn både i noregscup og krinsen! Godt jobba Ingmar!