Knut Njaa og Ingmar Leigland Njaa deltok i lag med 814 andre turløparar i det 52 km’er lange turrennet Sesilåmi frå Brokke i Setesdal og til Sinnes i Sirdal. Dei hadde god fart og kom inn til sterke plasseringar. Ingmar vart nr. 6 i M17-18 med tida 3:45:35, medan Knut vart nr. 21 i M46-50 på tida 3:55:45. Dei vart begge mellom dei 1/3 beste i sine klassar og vart derved premiert. Me gratulerer!