Kristin Sande vart nr. 4 under NM i skiskyting for junior i Alta. På sprint’en for kvinner 17 år laurdag var ho berre 1,3 sekund frå 3. plassen. Det vart ein forrykandes kamp om 3. plassen med Mari Wetterhus frå Svene IL som hadde startnummer etter Kristin. Kristin leia med 1 sekund ut frå siste skyting. Mot mål drog Mari frå Kongsberg føremonet av å kunne gå på tida til Kristin og gjekk sigrande ut av duellen med minst mogeleg margin. Surt for Kristin både med 4. plass og med so liten margin. Likevel – framifrå innsats i kamp med dei beste skiskyttarane i Noreg!
Malin Auganæs Bergtun og Birgit Lilletvedt Kvåle var dei andre løparane frå Kvam Lsk som deltok under NM for junior i Alta. Malin gjekk inn til ein flott 12.plass på sprinten laurdag etter 19. plass på normal-programmet fredag, medan Birgit nådde opp til ein 16. plass på sprinten etter 27. plass på normal-distansen. Kristin på si side klarte 20. plass på normal’en. Sundag var det stafetter der Kristin gjekk Hordaland sitt 2. lag opp frå 24. til 14. plass på si 2. etappe. Malin gjekk Hordaland sitt 3. lag opp frå 20. til 16. plass medan Birgit på 3. etappen sikra 17. plass blant dei 29. laga som deltok. Me er stolte over å ha 3 flotte kvinner i Noregstoppen!