Malin opp bakkene i Røldal NedOppMalin Auganæs Bergtun vart etter vår rekning, den fyrste frå Kvam Lsk som har delteke i Røldal NedOpp. Arrangementet  samlar kjente og mindre kjente utøvarar til fyrst å stå ned ei storslalåmsløype i Håradalen for så og gå opp igjen bakkane til mål på toppen av skitrekket. Ikkje akkurat ei løype for pysar. 17 år gamle Malin hevda seg meget bra og tok ein framifrå 10. plass i kvinneklassen.