Joar HimleTysdag, 29. september kl. 18-20 inviterer me til ei minisamling med Joar Himle som vil gje oss tips knytt til skyting no når oppkjøringa til sesongen nærmar seg. Tema for samlinga er konkrete tips og råd for både utøvarar, føresette og trenarar. Me samlast i skistova, men om været tillèt det vil me også nytta standplass på deler av samlinga.

Samlinga er retta mot utøvarar frå 13 år (skyt med reim) og eldre. Me oppmodar føresette og trenarar å bli med. Her er det mykje god lærdom om skyting. Hugs å ta med gevær. Påmelding via Facebook:  https://www.facebook.com/events/598093420331660/

Joar Himle har lang røynsle frå skiskyting. Han har vore landslagstrenar i skyting, men har også vore instruktør for yngre løparar.  Dette er verkeleg noko du bør få med deg!