Laurdag tok Malin Auganæs Bergtun tok sin fyrste siger i Norgescupen i skiskyting i klasse K19 år. Rennet gjekk på Beitostølen og over normaldistansen var Malin 13,7 sekundar føre Kristina Skjevdal frå Røros IL.
Sundag vart det ein 8. plass på Malin. Ho låg på 3. plass inn til siste skyting, men 3 bom på siste skyting øydela pallplassen.
Både Kristin Sande og Sindre Gjøsæter deltok også i helga på Beitostølen. Sindre gjorde og eit veldig bra løp laurdag. Han låg på 3. plass etter 3. skyting, men klarte ikkje å prikka inn alle på siste skyting og havna på 10. plass. Likevel sterkt i den harde M17 års klassen. Sundag vart Sindre nr. 19 etter 4 strafferunder. Kristin Sande hadde ikkje klaff på skytebanen og havna på 16. plass laurdag i K18 år. Sundag gjekk ho inn til ein 10. plass med 4 strafferunder.
Link til resultata finn du her
Me gratulerer alle tre løparane våre med framifrå innsats!