Malin Auganæs Bergtun sikra seg nok ein pallplass i Noregcup’en då ho gjekk inn til ein sterk 2. plass over sprintdistansen. Malin fekk totalt 2 strafferundar og ut frå 2. skyting låg ho på 4. plass. Ho avslutta sterkt og gjekk seg to plasser opp. Vinnaren Emilie Kalkenberg frå Skonseng IL var det ikkje noko å gjere med denne gong. Ho vann med 33,4 sekund på Malin. Samanlagt i Noregscupen i K19 år Malin på 2. plass med 164 poeng berre 9 poeng bak leiaren Kristin Daae Wiig frå Ullensaker Skiklubb.
Kristin Sande gjer ôg gode løp i Noregscup’en. Laurdag vart ho nr. 12. Med 3 strafferundar etter fyrste skyting og ein på siste, så vart det for hardt å hevde seg heilt der oppe. Kristin har vist før at ho er mellom dei beste i landet i K18 år. Litt meir stabil skyting so er ho heilt der oppe igjen. Ho er ei særs god skyttar og har stor fart i sporet.
For Sindre Gjøsæter som sist gong tok sin fyrste pallplass i Noregscupen, vart det ein litt meir «rufsete» NC helg på skytebana. Sindre vart nr. 30 på fellesstarten laurdag og 27 på sprinten fredag.
I dag har det vore mix-stafetter der Sindre Gjøsæter gjekk på Hordaland sitt fyrste lag. Hilde Fosse, Sindre og Tobias Nyborg gjekk seg inn til ein 9. plass i mix 17-18 år. I mix- 17-21 gjekk Malin på fyrstelaget til Hordaland som vart nr. 6.
For n’te gong denne sesongen – me lar oss framleis imponera over flinke Kvam Lsk-løparar. Dette må de gjerne halde fram med!
Resultata finn du her