Leiar i Sjusete skisenter, Jan Tore Tveit, var i dag på Sjusete for å slå av flombelysninga som lyser opp både skistadion og lysløypa gjennom heile vintersesongen.

– Lysene kjem på att til hausten når mørket kjem tilbake, seier Tveit.

Likevel er Sjusete skisenter ope heile året. Når snøen ikkje er der kan asfaltløypa nyttast til rulleski, og heile anlegget til gåturar, jogging eller terrengsykling. I tillegg er Sjusete eit flott utgangspunkt for turar i fjellet.

Velkomen til Sjusete!