Kvammasprinten 2016_løypetraseKvammasprinten i morgon går i fristil. Det er vennleg for publikum ved at løypene og løparane er godt synlege for publikum kring sletta med målgang ved skistova på Sjusete. Løypelengd er som fylgjer:

  • 11 – 12 år går 300 m (sort løype)
  • 13 – 14 år går 500 m (blå løype)
  • 15 år og eldre går 700 m (raud løype)

Kartfil finn du her: Kvammasprinten 2016_løypekart og lengd

Merk at programmet for finaler går etter Meråkermodellen. Det vil sei:

Klassane 11 – 14 år:

Klassar med lik løypelengd vert slått saman etter prologtid, og deretter arrangert A-B-C-D (osb ) – finalar.  Resultatlister vert rangert klassevis etter kor langt deltakarane har nådd i finaleheata. Berre eitt finaleheat vert gått for deltakarane i desse klassane etter prolog.

Frå og med klasse jenter / gutar 15 år:

Prologane går klassevis.  Klassane  vert deretter slått saman, og  finaleheat vert sett opp etter tid i prolog uavhengig av klasse/kjønn.

Det vert kjørt to rundar med heat à fire til seks startande. Vinnar rykkjer opp eit nivå, medan siste rykkjer ned.

Etter siste finalerunde vert løparane sortert tilbake til dei opprinnelege klassane, og rangert etter kor høgt nivå deltakarane har nådd i finalerundane.