620869_10151279201215539_1174932398_o skarverennet uten-navn

 

 

 

 

 

 

 

Er DU god på logo og grafikk?

Vi inviterer ALLE (også dei som ikkje har tilknytning til klubben) til å delta i ein konkurranse om å lage det beste framlegget til logo for Torefjellsrennet!

Kvam LSK ynskjer å satsa på Torefjellsrennet som eit turrenn for alle der heile familien kan delta. Er du aktiv utøvar, supermosjonist, glad i å gå på ski, nettopp lært å gå på ski? Dette skal vera ein skifest som har utfordringar til alle kategoriar aktivitetsglade mennesker!

Dei som deltek kan vinna Bergans Opdal/Alme klubbjakke til veiledande pris kr. 2900,- / kr. 1500,- (junior). Alt du treng å gjera er å sende eit framlegg til logo til kvamlsk@hotmail.com  innan 23.oktober. Vinnaren vert offentliggjort på klubbens informasjonsmøte 1.november i amfisalen på Norheimsund skule.

Krav til logo:

  • Langrennsrelatert grafikk
  • Maks 3 farger der ein av dei bør vera ein farge i blåtone
  • Bør gjera seg i gråtonar
  • Inkluderer teksten «Torefjellsrennet»
  • Må fungere på hvit og farget bakgrunn
  • Vector format (f.eks. «din_logo.svg»)

    Bergans klubbjakke!