2015_11_28-Malin-Sindre-og-KristinDet vart litt mykje «bommelibom» under Norgescup-rennet i skiskyting på Lillehammer i dag. Rennet  var ôg NM fellesstart for jr. Best av våre vart Kristin Sande med ein 10. plass. Ho fekk 8 rundar under i K18 og var 2,45 etter vinnaren Hilvi E. Hamar frå Byåsen. Malin Auganæs Bergtun gjekk seg inn til ein 14. plass i K19. Med 5 strafferundar var ho 3,58 bak vinnaren Karoline Erdal frå Førde. Sindre Gjøsæter gjekk seg inn til ein 28. plass i M17 4:02 bak vinnaren Filip Fjeld Andersen frå Geilo.

Dette er slett ikkje dårlege resultat. I klasse K19 var det 31 deltakarar, i K18 30 deltakarar og i M17 heile 72 deltakarar. Våre løparar hevdar seg langt betre enn dei 50 % beste i heile landet – berre så det er sagt! Neste NC-renn går av stabelen i Stryn om 14 dagar.

Me legg til at Erling Aalvik deltok i IBU Cupen i Nove Mesto i helga. Laurdag vart det ein 24. plass og i dag ein 18. plass på sprinten. Erling var nest beste nordmann begge dagar etter Vetle Sjåstad Christiansen. Me gratulerer!