Gjengen på Røldalsrennet! Bak frå venstre; Teodor Græsdal Pedersen, Tobias Græsdal Pedersen, Ingrid Brattabø, Sondre Brattabø. Foran frå ventstre: Eirik Brattabø, Tomas Græsdal Pedersen og Kristin Brattabø.

2. juledag arrangerte IL Korlevoll Odda det tradisjonelle jularennet i fristil på Korlevoll. Kvam LSK deltok med 8 utøvarar frå 8 år til og med senior. Skiskyttarane Malin Auganæs Bergtun og Sindre Gjøsæter hadde også teke vegen til Korlevol og enda på høvevis 3. plass (kvinner senior) og 6.plass (Menn 19/20 år).

Beste plassering i dei yngre klassane var Ingrid Brattabø med 2.plass i klassen for jenter 15 år. Sondre Brattabø og Teodor Græsdal Pedersen enda på høvevis 4. og 6.plass i klassen for gutar 13 år. Tobias Græsdal Pedersen låg an til ein plassering midt i feltet, men gjekk dessverre feil rett før mål og fekk dermed ikkje gyldig resultat. Elles deltok Tomas Græsdal Pedersen i klassen for gutar 8 år og Eirik Brattabø i klassen for gutar 10 år. Flott innsats av alle saman!

Resultatliste Jularennet

Laurdag 30. desember arrangerte Røldal IL det tradisjonelle klassiskrennet i Røldal sentrum. Familiane Brattabø og Pedersen var på plass også her med tilsaman 7 utøvarar. Ingrid tok klassesigeren i jenter 15 år og Sondre fekk 3.plass i klassen for gutar 13 år. Elles deltok Tobias Græsdal Pedersen (G16), Tedor Græsdal Pedersen (G13), Eirik Brattabø (G10), Tomas Græsdal Pedersen (G8) og Kristin Brattabø (J8). Flott innsats av alle!

Resultatliste Røldalsrennet

Bilete frå Røldalsrennet:

Tobias Græsdal Pedersesn heilt til høgre!

Ingrid Brattabø heilt til venstre!

Sondre Brattabø nr. 3 frå venstre og Teodor Græsdal Pedersen nr.2 frå høgre!

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter