Laurdag 22. februar og sundag 23. februar skal Kvammasprinten og Torefjellsrennet etter planen arrangerast på Sjusete.

Dei neste dagane er det meldt mildvær og mykje regn. Det betyr at det per no er usikkert om snøen held til helga og at renna kan gjennomførast. Dersom værmeldinga på tysdag tilseier at det ikkje kan gjennomførast renn vert det avlyst då. Dersom værmeldinga på tysdag tilseier at det er ein sjanse for at det kan gjennomførast vil beslutninga takast nærmare helga.

Ny oppdatering kjem på tysdag!