Måndag 14. mars vart Kvammameisterskapen, det siste serierennet i skiskyting denne sesongen, arrangert. 22 deltakarar mellom 8 og 16 år deltok. Forholda var fine og stemninga var god! Me takkar alle deltakarane og dei frivillige for innsatsen på renna. Til helga vert det arrangert Gla’laks renn nr. 9 og 10 på Sjusete. Desse er kretsrenn og me håpar mange har lyst å koma og sjå skiskyttarane i aksjon for siste gong denne sesongen! Velkomne!