Kong Vinter er ikkje med oss på Sjusete så langt i vinter. Difor er det er ikkje mogeleg for oss å arrangere Kvammajakta på laurdag. Avgjerdsla er gjort i samråd med Skikrinsen. Lukkelegvis har Voss snudd seg rundt og tek over og arrangerer rennet i duathlon på laurdag på Voss Ski- og Tursenter i Herresåsen.  Me forstår det slik at ein nyttar same påmelding i Minidrett som allereie ligg ute som Kvammajakta. Bernt Rusten i Skikrinsen sender ut meir info til klubbane i morgon.

NB! Påmeldingsfristen er endra til torsdag, 16.01

Me seier oss sjølvsagt leie for at me ikkje kan arrangere Kvammajakta på «heimabane» i år, men finn trøyst i Arne Scheie sin vanlege kommentar når det bles som mest bakfrå i hoppbakken; «Jeg må minne om at det er en utendørsidrett vi driver!»