Heia Kvam LSK!

Sundag 21. januar reiste 14 utøvarar frå Kvam LSK til Voss ski- og tursenter for å delta på Ørnarstafetten i langrenn. Det var flott skiføre og artig med stafett!


I klassen for gutar 8-10 år deltok Tomas Græsdal Pedersen (8 år), Vijus Vencius (8 år) og Eirik Brattabø (10 år) på Kvam LSK sitt lag. Dei kom inn til mål som 6. beste lag. Gutane gjennomførte kvar sine flotte etappar!

Etterpå var det gutar 11-12 år si tur og der stilte Kvam LSK med to gutar på 3 etappar. Jarand Valland Tveit starta med 1. etappe i klassisk og Ådne Kjosås gikk ut på 2. etappe i fristil. På 3. etappe hadde Jarand teke på seg skøyteskia, men kjente det godt etterkvart at han allereie hadde ei etappe i beina. Allikavel klarte han å halde såpass stand slik at Kvam LSK enda på 2. plass. Flott jobba gutar!

Teodor Græsdal Pedersen (venstre) og Sondre Brattabø klar til start!

I klassen for 13-16 år stilte Kvam LSK to gutelag og eit jentelag. Ut på 1. etappe i klassisk gjekk Sondre Brattabø, Teodor Græsdal Pedersen og Marta Mo. Sondre veksla med Gaute Øymo Mælen på 4.plass etter ei sterk etappe mot fleire eldre gutar foran seg. Teodor veksla med Jonas Hauger på 8.plass, mens Marta veksla med Ingvild Lilletveit Kvåle på 4.plass.

Gaute veksla med Tobias Græsdal Pedersen på ein 3.plass etter bestetid på 2.etappe. Jonas veksla med Jone Valland Tveit på 7.plass etter ein flott etappe. Ingvild avanserte på si etappe og veksla med Ingrid Brattabø på 6.plass.

Jonas Hauger gjekk på ut frå veksling!

Tobias starta si etappe eit godt halvminutt etter Fana, men sjølv med beste etappetid makta han ikkje å ta dei igjen. I siste bakke før mål leika han seg med 3.plassen med eit valdsom rykk og tok Kvam LSK inn til 2.plass! Jone gjennomførte ei bra etappe og Kvam LSK sitt andrelag enda på ein flott 7.plass. Ingrid hadde beste etappetid på sisteetappe og gjekk Kvam LSK opp til ein flott 3.plass i jenteklassen. Flott av alle desse herlege ungdommane!

Resultatliste

Fleire bilete:

Terje Mo finn feste til Marta Mo

Det skal heisast skikkeleg på stafett!

Kaldt å vente på premieutdeling!

Tomas Græsdal Pedersen (venstre) og Eirik Brattabø på premieutdeling for gutar 8-10 år. (Vijus Vencius ikkje med på bilete)

Ådne Kjosås (heilt til venstre) og Jarand Valland Tveit (bak Ådne) med 2.plass stafett for gutar 11-12 år.

Marta Mo (foran til høgre), Ingrid Brattabø (bak til høgre) og Ingvild Lilletveit Kvåle (til venstre for Ingrid) med 3.plass stafett i klassen jenter 13-16 år!

Frå venstre: Ingvild Lilletveit Kvåle, Ingrid Brattabø og Marta Mo

Gaute Øymo Mælen (foran til venstre), Tobias Græsdal Pedersen (bak til venstre) og Sondre Brattabø (foran Tobias) med 2.plass stafett i klassen 13-16 år!

Heile gutar 13-16 år!

Godt med ein sosial rast etter stafett!